Mine evner er eg  fødd med, og dei var flittig i bruk fram til eg byrja på skulen.  Då vart det lagt lokk på evnene, og dei vart ikkje henta fram igjen før i 1993, då etter ei heilt spesiell hending:

Eg skulle ut og køyre og levere minstejenta i barnehage, og synes eg hadde svært så god tid denne morgonen. Då var det brått ein som snakka, høgt og tydeleg, og ba meg om å køyre med ein gong. Rommet vart heilt lyst. Eg var ikkje heilt viljug til å reise med ein gong. Røysta kom att 2 gongar til, og då var det som ein høgreist skikkelse stod ganske nær meg, og var no svært bestemt: du skal køyre no med ein gong. Då fekk eg brått fart på meg. Veslejenta mi spurte kven det er som snakkar, og eg trur eg sa «det var visst ein engel». Då vi var halvvegs på vegen, ser eg opp i fjellsida, at det kjem eit svært steinras, og det ramla store kampesteinar ved sida av bilen. Eg køyrde så fort eg kunne og vi berga oss i siste liten. Eg ser i bilspegelen at vegen bak meg blir svart.  Det kan nemnast at dette var eit temmelg stort ras, der store deler av vegen for i sjøen.

Den engleaktige skikkelsen redda livet vårt. Hadde eg ikkje høyrt etter og venta fem minutt med å reise, då hadde vi nok omkome.

Ei sterk oppleving som for meg var starten på eit liv der eg lyttar, og der eg medvite tok i bruk evnene mine.

 

KURS

2016, september, 1 dag, Førde. Rettleiingskonferanse med tema: Å gå inn i vanskelege samtalar, t.d med traumeutsette.

2016, september, 1 veke, Kreta. Trene dagleg med Pilates og avspenningsteknikkar. Delta med EFT (Emotional Freedom Techniques), Meditasjon, Ma-uri-massasje, Lære om Huna-filosofi (Polynesisk). Kurshaldere: Anne Marie Sander; Ma-uri massør og EFT-terapeut, og Torgunn Wold; dansekunstner og pedagod.

2016, mai, 1 helg. Litle Høydal, Eikefjord. Kurs i Medisinhjulet; gml. Indiansk kultur om liv og lagnad/ «kart» til hjelp for å flytte tankane frå hovudet og ned til eit fysisk plan. Kurshaldar: Leif Håvik.

2015, mars, 1 helg. Ålesund. Bli sertifisert innen Oppmerksomhets Trening 1, Unique Mind ESP. Kurshaldar: Marianne Borgen.

2014, november, 1 helg. Stryn. Kurs om kvinnekraft og frigjering frå traumer. Kurshaldar: Lilly Bendriss og Cathrine Behr.

2014, juni, 1 veke. Spania. Delta i regresjon, kanalisering, healing individuelt og i gruppe, øyrelys-behandling. Kurshaldar Ingunn Ripe.

2014, mai, 1 helg. Atløy. Utandørs kurs i Andeleg Sjølvutvikling. Kurshaldar Ingunn Ripe.

2014, april, 1 veke. Luxor, Egypt. Besøke m.a. Kongenes dal. Delta i regresjon, transeutvikling, kanalisering, automatskrift, gruppehealing. Kurshaldar Ingunn Ripe og Inger Jøndal.

2013, mai, 1 helg. Førde. Lære Regresjon som metode. Kurshaldar Ingunn Ripe.

2012, juni og oktober, 3 helgar. Sunnfjord. Kurs i Andelig sjølvutvikling, Healing og i Husrens. Kurshaldar Ingunn Ripe.

2012, juli, 5 dagar. Bjørkedal. Healing i stille og med lyd, og i gruppe. Mat som healing. Trommereiser. Meditasjon i naturen. Kurshaldar Anne Bjørkedal.

2011, oktober, 1 helg. Hareid. Kurs om Tankens kraft og bevisshetsskiftet. Kurshaldar Lilly Bendriss.

2010, juni, 1 veke. Kreta. Kurs i intuitiv maleteknikk. Kurshaldar Eva von Hanno og kurs med lære om maori dans og kultur, og massasje, meditasjon. Kurshaldar Anne Marie sander.

1996, haust, 30 timar. Sortland, Vesterålen. Pykosyntese og Psykodrama. Lære om konstellasjonar i familie og i arbeidsliv. Kurshaldar psykolog Kitt Kolvik.