Om meg

Mitt namn er Kari Margrete og eg bur like ved den mektige Os-fossen i Gaular kommune i Sunnfjord. Eg er fødd i 1959 på Søre Sunnmøre. Oppveksten min hadde eg på ein gard, som låg eit godt stykkje vekk frå bygda.

I vaksen alder tok eg utdanning som sosionom, og eg har spedd på med vidareutdanningar, mellom anna i rettleiing innan Gestaltterapi. Mi lange arbeidserfaring har vore knytt opp mot psykiatri, rusomsorg, barnevern, flyktningar, yrkesretta attføring, eldreomsorg, funksjonshemma, og elles det meste av sosialt arbeid.

Livet har og bydd på helseplager, vanskelege familieforhold, og opplevingar ein gjerne skulle vore forutan. Likevel det er akkurat denne livserfaringa på godt og vondt, saman med mine medfødde evner som har gjort meg til den eg er i dag.

Gleda over livet, viljen til å tilgi, kjærleiken til meg sjølv og til omverda, har gjort meg open for å vere ein del av eit fantastisk univers.

Eg hadde som lita jente mange «Skybert-venner», og eg tenkte nok ikkje over at ingen andre såg desse vennene mine. Eg «såg» ting som ville hende med folk, og dette vart eg etterkvart bedd om å halde heilt stilt om.

Og eg heldt tett, heilt til eg hadde ei helt særskilt oppleving då eg var i 30-åra, som faktisk redda liv. Då forstod eg at eg må byrje å lytte, det er krefter som kjem med bodskap til meg.

I 1996 tok eg mitt første kurs innan det Alternative, og eg begynte også då med meditasjon. Sidan har det blitt mange kurs, praktisk erfaring og hundrevis av meditasjonstimar før eg har kome dit eg er i dag. Eg har opplevd ei fantastisk utvikling på det åndelige planet, og som ein stor bonus: mange av mine helseplager er svært reduserte.

Den krafta og energien eg får tilført frå den universielle Kjelda ser eg som viktig å få dele med andre. Å jobbe med mennesker er det beste eg kan gjere.

Eg  berre gler eg meg for kvar person eg kan få lov til å hjelpe til ein betre livvistuasjon.

kari