Healing og Fjernhealing

Ein healer trur på ei kraft som er større enn seg sjølv. Vi ser på mennesket i ein heilskap, der kropp, sjel og sinn er integrert i ein energikropp. Kvar healer har medfødde evner, og desse evnene kan ikkje lærast, men vidareutviklast.

Under ein healingtime vil eg som healer vere i nær kontakt med Krafta, som kjem frå Kilden; frå Altet. Den energien eg mottek frå Krafta vil eg overføre til personen som har bedd om healing, og slik få aktivert den energien som personen sjølv har ibuande. Alle personar er fødd med den guddommelege kraft, og nokre gongar kan det skje omstende i livet som gjer at ein «mister» krafta. Det kan vere grunna sjukdom, livskriser, og anna.

Healing skjer helst gjennom ein prosess, over litt tid. Healing kan ein sjå på som hjelp til sjølvhjelp.
Dei positive tilbakemeldingane eg får gjer, at eg kan kjenne på gleda av å kunne hjelpe mennesker igjen og igjen, til å finne att den livsgleda og krafta som eingong var blitt dei til del, men som har vore borte ei tid.

Husrens

I mange heimar og på mange arbeidsplassar vert det av og til sagt at det «spøkjer». At vi kan høre og sjå ting som eigentleg ikkje er der. Og kva er dette? Kvar person som har vore i eit hus eller stått på eit jorde, vil etterlate seg eit lite spor. Og sporet vil vere der sjølv om hus blir bygd om og ting blir endra på. Kvilelause sjeler kallar nokre det, desse som heng igjen.

I slike situasjonar, der går eg inn i bygninga, er i svært nær kontakt med Krafta. Dei kvilelause blir bedd om å gå inn i kjærleikens lys og gå over på andre sida, der dei døde skal vere.
Ved husrens brukar eg mine evner som Medium.

Personleg føretrekk eg å vere fysisk på staden der eg skal rense. Men er det store reiseavstandar, kan eg ta ein husrens på avstand.

Regresjon

Regresjon betyr å gå attende til kilden av problemet.

Episoder ein kan ha opplevd som lite barn, frå eit tid/ein alder der det kan vere vanskeleg å hugse frå, kan ha sett seg svært fast i sinn og kropp. Seinare kan slike vonde episoder sette seg fast som fobiar; som redsel for visse situasjonar. I ein regresjon kan ein få hjelp til å få svar på kvifor ein reagerar som ein gjer og til å forløyse traumer. Ein kan og få hjelp til å gå inn i tidlegare liv, både avdi ein kan vere nyfiken på kven ein har vore før, og om tidlegare liv kan gje nokre svar på spørsmål som vedkomande har i dag.

Blokkeringar og fastlåste negative mønstre som mange slit med, kan verte oppløyste ved ein regresjon.

I ein regresjon vil eg rettleie vedkomande inn i ein meditasjon, slik at du kjem i god kontakt med ditt umedvitne sinn. Eg vil som rettleie deg gjennom prossessen. Kva du skal oppleve er opp til deg og ditt indre. Ein regresjon tek gjerne litt tid, og det vert sett av 2-3 timar. Og den kan vanskeleg gjennomførast utan at eg og vedkomande er i same rom.

Personar som er i psykisk ubalanse vert fråråda å ta regresjon. Dei vert oppmoda om å ta healingtimar for å balansere.

Regresjon skal ikkje erstatte medisinsk behandling.

Medium

Medium betyr å vere plassert imellom.

Som medium kan eg ved hjelp av Kilden, vere i kontakt med dine forfedre og andre du har kjent før, og formidle informasjon til deg.
Ved hjelp av dine guider og hjelpere, og ved Kildens Kraft, kan eg «lese» situasjonar rundt deg.

I dette arbeidet, ønsker eg helst å personleg møte den som ber om informasjon.

Guida Meditasjon

Guida Meditasjon kan gjerne vere for ei gruppe. På førehand har eg fått kanalisert til meg kva som det skal snakkast om. Meditasjon er å vende tilbake til seg sjølv. På slike møte rettleiar eg personar til å kome i kontakt med si eiga kraft, finne svar på essensielle spørsmål.

Meditasjon er også ein fantastisk måte å praktisere Mindfulness på; trene på å vere tilstades i nuet.

Dei positive tilbakemeldingane har vore mange, og det gjer at eg tenkjer at meditasjonsgrupper er veldig viktige. Den krafta som finnast i ei slik gruppe er med på å gje healing, og løft til enkeltpersonar. Som ei kvinne sa: «Etter at eg beynte i meditasjonsgruppa, har eg retta ryggen, og no vågar eg å sei ting eg ikkje våga før».